«Kvinnherad Høgre seier nei til vind-turbinar»

Av
DEL

MEININGARVi viser til høyringsrunde for «Nasjonal ramme for vindkraft på land» der område i Kvinnherad etter NVE si vurdering er godt eigna for utbygging av vindkraftverk.

Kvinnherad Høgre vil senda inn eigen høyringsuttale til NVE, der vi på vegner av lokalpartiet vil seia eit tydeleg nei til at dei aktuelle områda i Kvinnherad vert med i den endelege planen. Dette grunngjev vi med at fjella våre har unike landskapsverdiar som ikkje er tilstrekkeleg belyst i planen, og det er heller ikkje teke nok omsyn til dei betydelege friluftsinteressene i området. Samstundes vil vi også peika på at det urørte landskapet i Kvinnherad-fjella også er av stor verdi for heile regionen. Ikkje berre Kvinnherad, men også Sunnhordland, ville opplevd store negative konsekvensar av visuell ureining som følgje av vindturbinar i dei aktuelle delane av Kvinnherad-fjella.

Kvinnherad Høgre vil i kommunestyret stemma for ein svært tydeleg høyringsuttale, og med dette senda frå seg eit tydeleg nei også frå Kvinnherad kommune. Vi gler oss over at det er stor semje om dette i dei politiske partia, og vil gje ros til både medspelarar og motstandarar i kommunestyret for vilje til å stå saman i denne saka. Dei siste fire åra har vi erfart at Kvinnherad kommune i større grad blir høyrt når vi er samde i kommunestyret.

Kvinnherad Høgre vil arbeida opp mot moderpartiet for å få gjennomslag for Kvinnherad kommune sitt syn, og kjenner oss trygge på at vi vil bli lytta til. Vi set også vår lit til gode stortingsrepresentantar frå vår region, og vil særleg trekka fram stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) frå Stord, som er medlem av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Vi vil samarbeida godt med dei lokale laga til regjeringspartia Frp, Venstre og KrF.

Kvinnherad kommune har ein heilt unik natur. Vi kvinnheringar er veldig glade i fjellheimen vår, og vi ser at det er svært mange som svært ofte nyttar seg av den gode moglegheita til å ferdast på flotte og urørte fjelltoppar. Høgre trur også at naturen er ein svært viktig verdi når vi no prøver å få fleire menneske til å busetja seg i Kvinnherad.

Høgre har vore positive til vasskraftutbygging i Kvinnherad i lange tider, og meiner vi gjennom det har gjort vårt for å bidra til å gje Noreg og Europa rein og fornybar energi. Høgre vil likevel minna om at klimaproblemet er globalt, og at ein del av løysinga er at Europa framover får tilgang til meir fornybar energi frå Noreg. Dette kan først og fremst løysast gjennom å oppgradera eksisterande vasskraftverk. Det vil vera eitt av Høgre sine viktigaste argument for kvifor det ikkje kan byggast vindkraftverk i vår kommune, og vi trur at saklege argument og tydelege svar er det som skal til for å lukkast i vårt felles mål om framleis urørte Kvinnherad-fjell.

Peder Sjo Slettebø

Ordførar (H)

Erlingur Nielsson

Leiar, Kvinnherad Høgre

Artikkeltags