«Kommunedirektøren bør i alle saker undersøkja kva for politiske signal som er sendt ut»

Av
DEL

MEININGARFormannskapet skal i møte torsdag 15. august vedta uttale om NVE sine planar om vindkraftutbygging. NVE har peika ut fleire områder i Kvinnheradfjella som aktuelle for vindturbinar. I saksutgreiinga går kommunedirektøren inn for at eit område i fjella ved Baugstranda og Åkra kan vurderast som aktuelt for vindkraft. Dette er sjokkerande!

Saka om vindkraftubygging i Kvinnherad har skapt eit enormt engasjement. Folk flest ynskjer ikkje at urørt natur og mykje nytta turområder skal raserast og omgjerast til gigantiske industriområder. Dei største naturøydeleggingane som er gjort nokon gong!

Kommunedirektøren har ei viktig oppgåve med å skapa nye arbeidplassar og inntekter til kommunen. Men kommunedirektøren bør i alle saker undersøkja kva for politiske signal som er sendt ut.

På folkemøtet som Kvinnherad Turlag arrangerte på Kulturhuset 28. mai i år, for ein fullsett festsal, lova politikarane frå alle parti at dei vil seia nei til NVE sin plan om vindkraftutbygging i Kvinnherad. Også statsminister Erna Solberg uttalar no at heile planen kanskje må skrotast. Og ho nemner at vindturbinar til havs kan bli ei framtidig løysing.

Og akkurat vindturbinar til havs må vera den framtidige løysinga. Då kan ein skapa mange arbeidsplassar i til dømes i verftsindustrien, og den urørte naturen er der framleis.

Det er òg verdt å merka seg den stadig aukande turistmengda til Kvinnherad. Turistar som let seg overvelda av storslegen urørt natur. Dei skapar òg arbeidsplassar og inntekter til kommunen. I den tida det tek å etablera konkurransedyktige turbinar til havs, kan vi effektivisera eksisterande vasskraftutbygging, og skattereglane for småkraftverk kan endrast. Dette vil auka straumproduksjonen meir enn alle dei omsøkte vindturbinane vil gjera. Eg stolar på dei lokale politikarane sine utsegn og heiar på dei i denne saka.

Kjell Yri,
leiar i Kvinnherad Turlag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags