«Høyringa må korkje antyda eller på nokon måte opna opp for mogleg vindkraftutbygging»

Av
DEL

MEININGAR:Torsdag 15.08 skal kommunedirektøren si saksutgreiing og forslag til høyring til OED handsamast i formannskapet.

Kommunedirektøren opnar i sitt saksframlegg opp for at fjellområda over Matre, Baugstranda og Åkra kan utgreiast nærare for mulig framtidig vindkraftutbygging, og grunngjev dette økonomisk, som mogleg framtidig inntektskjelde for kommunen.

Ragnhild Tvedt, busett på Baugstranda, har lagt ut eit særs informativt innlegg på Facebook som syner heile 33 ulike tilbod og aktivitetar knytt opp mot naturbasert turisme i dette området både i Kvinnherad og Etne på begge sider av Åkrafjorden. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i desse bygdene og som samstundes gjer at natur- og kulturlandskap blir ivaretatt. Ytterlegare uttak av energi i vår kommune bør, etter vår meining, skje gjennom oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg eller andre grøne energiformer. Vindmøller i dette landskapet vil øydeleggja naturen og føresetnadene for denne økoturismen og mykje av livsgrunnlaget for desse bygdene på begge sidene av fjorden. Ein kan ikkje fremja eit framlegg og senda ei saksframstilling/høyring til OED som under gitte vilkår faktisk opnar opp for mogleg vindmølleutbygging nokon stad i kommunen. Skal vi halda liv i distrikta i vår langstrakte kommune må ein leggja til rette for aktivitet, ikkje det motsette. Vi vil sterkt oppmoda politikarane om å få fjerna dette framlegget frå saksutgreiinga og formulera eit klart og utvetyding NEI til vindkraft i Kvinnherad.

Erfaringar frå andre kommunar som har vore truga av vindkraftutbygging viser at eit eintydig og klart politisk nei frå kommunestyret er det viktigaste signalet ein kan senda OED for å hindra utbygging. Høyringa må korkje antyda eller på nokon måte opna opp for mogleg vindkraftutbygging korkje no eller i framtida, men unisont og presist markera eit klart nei og eit krav om at Kvinnherad skal ut av rammeplanen.

I tillegg er det særs viktig at flest mogleg einskildpersonar, ulike lag og organisasjonar, grendelag, arbeidsplassar og andre, skriv, grunngjev og sender inn ei høyring som tek avstand frå desse planane innan fristen 1. oktober. Meir informasjon om korleis du gjer dette, finn du på Facebook-sida: «Nei til vindmøller i Kvinnherad».

Første politiske handsaming av saka/høyringa finn stad i formannskapsmøtet på rådhuset i Rosendal torsdag 15.08 kl. 17. Møt opp og vis din motstand.

Aksjonsgruppa mot vindmøller i Kvinnherad

12.08.19

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags