«MDG Kvinnherad sitt høyringssvar til regjeringa vedrørande vindkraftutbygging»

Av
DEL

MEININGARMiljøpartiet Dei Grøne i Kvinnherad registrerer med uro at NVE vurderer Kvinnheradsfjella som aktuelle for vindkraftutbygging. Vi vil på det sterkaste råda frå dette. Som miljø- og klimabevisste innbyggjarar, er vi sjølvsagt i utgangspunktet positive til fornybar energi. Men slik vi ser det, er den planlagde vindkraftutbygginga så skadeleg for naturen at kostnaden vert for stor.

• Kvinnherad er ein av landets største kraftkommunar, og det har vore kraftutbyggingar i kommunen i fleire generasjonar som har lagt beslag på store naturområde. I tillegg ligg mesteparten av Folgefonna nasjonalpark i Kvinnherad med Noregs tredje største isbre som hovudattraksjon. Det er også oppretta fleire landskapsvernområde i kommunen. I lys av dette synest MDG Kvinnherad det blir heilt feil å byggja vindmøller på Folgefonnhalvøya, og gjennom dette øydeleggja endå meir særprega og vakker natur.

• Vi pliktar å gje fugl, dyreliv og insekt dei beste levekåra i ei tid der fleire og fleire artar vert utryddingstrua. I Kvinnheradsfjella fins t.d. habitat for hubro (markert som sterkt trua på rødlista til artsdatabanken) og vi vil ha dei her i framtida også.

• Vi er forundra over at andre energikjelder ikkje blir vurdert før landvind. Kva med solcelle-teknologi, hydrogen eller bølgjekraft? Kva med havvind? I ei tid der andre land legg ned landvind-produksjonen sin og flyttar vindmøllene ut på havet, verkar det lite framtidsretta å rasera den verdifulle naturen i Noreg for å byggja vindmøller i fjellheimen.

• Vi meiner det bør fokuserast langt meir på energisparing, t.d. i forskrifter for byggjebransjen og i skatteinsentiv for privatpersonar. Det ligg også eit stort potensiale i å oppgradera og utvida allereie eksisterande kraftverk.

• Kvinnherad har bidrege med vasskraft i meir enn 100 år, og det blir for tida arbeidd med å få etablert ein storskala hydrogenproduksjon i tilknyting til eksisterande vasskraftressursar i kommunen (samarbeid mellom Gasnor, Kvinnherad Energi, Kvinnherad kommune og Sunnhordland Kraftlag). Vi ber om at resten av naturen får vera i fred – til glede for folk flest og som verdiskapning for lokalsamfunnet gjennom turisme.

Denne teksten vart posta på regjeringa sine nettsider som høyringssvar frå oss i MDG. Vi oppmodar alle andre om å senda inn høyringssvar innan 1.10.


Eli Hårklau,

MDG Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags