«Eg kan ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft når vi har så mange andre betre alternativ»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad kommune skal i desse dagar i gong med ei kartlegging av kva faktorar som er med på å avgjera om folk vil eller ikkje vil busetja seg i kommunen (oppslag i Kvinnheringen 03.06.19). Eg spurde på Facebook nokre dagar før om natur og friluftsliv var viktig for at folk bestemte seg for å flytta til kommunen og fekk som venta unisont bekrefta dette.

Store delar av Kvinnherad frå fjella tett opp mot Folgefonna Nasjonalpark i nord til Halsnøy, Fjelberg og Borgundøy i sør via fjella i Uskedalen, Husnes og Utåker inngår i NVE sin plan for moglege framtidige område for vindmøller på om lag 250 meters høgde (om lag på høgde med Kaldestadåsen på Husnes og Vikefjell på Valen).

Tilflytting er viktig for å halda oppe folketalet og rekruttera arbeidskraft, men det er òg mange andre grunnar til at landbasert vindkraft ikkje er ønskeleg korkje i Kvinnherad eller andre plassar:

I Kvinnherad er i alt 90 % av den grøne energien bygd ut i form av vasskraft, og mykje av naturen ber preg av dette. I tillegg har det dei seinare åra blitt bygd mange småkraftverk og NVE har no gjeve konsesjon til utbygging av Onarheimsvassdraget/Hellandselva. Vi treng den naturen vi har igjen.

Det blir ikkje råd å nytta natur, landskap og kultur til ymse former for friluftsliv i eit landskap øydelagt av omfattande vindmølleanlegg. Også dei som har hytter vil bli ramma, og truleg og dei som nyttar område til beite for sau med støy og blinkande lys. Utbygging av vindmøller vil òg truleg føra til verditap på hus og hytter.

Reiseliv og turisme, frå cruiseanløp, via tilrettelegging for båt og bubil og tilreisande som nyttar overnattingsplassane i kommunen, til organisert jakt, ski, fotturar, padling og klatring blir ei stadig viktigare næring med natur- og kulturopplevingar som basis. Massiv vindskraftutbygging som er synleg på langt hold, og øydelegging av natur og landskap, vil ikkje gå i hop med satsinga på turisme.

Mykje av Folgefonna, landets tredje største isbre, ligg i Kvinnherad: Moglege vindkraftområde er peika ut kloss i nasjonalparkgrensa og vil sterkt forringa kvalitetane nasjonalparkstatusen skal ivareta og ikkje minst friluftsliv og turisme knytt opp mot nasjonalparken.

Også i eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utbygging av vindmøller og rasering av natur vil vera negativt for livskvalitet, trivsel og folkehelse. Enkelte vil nok òg vurdera å flytta frå kommunen dersom vindmølleplanane vert realisert.

Konkret vil utbygging av vindmøller få direkte negative følgjer i form av opptil 250 meter høge turbinar som truar artsmangfald, dyre-, fugle- og insektliv med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og på vinterstid farlege iskast frå turbinane. Landskapet vil bli omgjort til eit industriområde med massive inngrep i form av vegbygging, skjæringar, fyllingar og oppstillingsplassar (800 meter veg og oppstillingsplass tilsvarande ein halv fotballbane per vindmølle). Desse inngrepa vil vera irreversible og endelege, og dette skjer medan arealet inngrepsfri, uberørt natur (meir enn 5 km frå tyngre tekniske inngrep) stadig minkar p.g.a. omfattande inngrep av ulik art. På landsbasis er i dag er om lag 12 % av landarealet urørt.

Tidlegare informasjonsdirektør i NVE, Sverre Sivertsen, kallar i ein avisartikkel (Adresseavisen 02.06.19) dagens vindkraftutbygging ein energipolitisk skandale tufta på statlege subsidiar og skattlegging som favoriserer vindkraft på land så mykje at betre og billigare alternativ som enøk og oppgradering av eldre vasskraftverk blir mindre lønnsame. Forfattaren peikar på at ENOVA (regjeringa sitt enøk-organ) ser eit potensiale for innsparing på 10 milliardar kWt gjennom energieffektivisering av private og offentlege bygg. Ein ny studie frå NTNU viser at opprusting av gamle vasskraftanlegg frå 1950- og 60-talet ved hjelp av moderne teknologi, og minimale naturinngrep, kan gje mellom 22 og 30 milliardar kWt meir kraft, eller ein tilgang på 50 % meir kraft enn all konsesjonsgitt vindkraft vil levera. Danmark og Tyskland går no vekk frå vindkraft på land. I vindkraftlandet Danmark skal om lag halvparten av turbinane fjernast innan 2030.

Nordsjøen har særs gunstige og stabile vindressursar. Leverandør- og verftsindustrien, med sin kompetanse på offshoreteknologi, ønskjer å delta i utviklinga av havvind, noko som vil kunna bli eit nytt norsk industrieventyr. I tillegg kan vi utnytta og utvikla alternative energikjelder som solenergi, jordvarme, bioenergi, bølgjekraft og havstraum.

Oppsummert kan eg ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft korkje i Kvinnherad eller andre plassar i landet, når vi har så mange andre betre alternativ. Dei einaste som tenar på det er private selskap i inn- og utland sterkt subsidiert av gunstige, statlege rammevilkår.

Vil forresten rosa Kvinnherad Ap og Monica Lindseth for eit klart og tydeleg innlegg mot vindkraft i Kvinnherad i Kvinnheringen 03.06.19.

Fram mot høyringsfristen 1. oktober vil eg sterkt oppmoda lokalavisene om å fokusera på vindkraftutbygging, og enkeltpersonar og Facebookgrupper, lag og organisasjonar og politikarar, om å jobba for at Kvinnherad vert tatt ut av NVE sine planar som framtidig destinasjon for vindmølleutbygging.

Sven Løkeland

Valen 04.06.19

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags