«Eg ønsker at nye generasjonar skal få dei same naturopplevingane som eg set slik pris på»

Av
DEL

MEININGARHøyringssvar til NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land, frå Hege Lægreid Røssland, innflyttar 1965, friluftsentusiast og kommunestyrerepresentant for SF.

Eg er sterkt i mot at kysten og fjellområdet i Kvinnherad skal vera med i rammeplanen. Dette området har mange kvalitetar og ber preg av å vera urørt natur. Det vil verta svært skadelidande for kommunen og innbyggjarane om denne utbygginga skulle skje.

Eg kom til Kvinnherad kommune i 1965, seks år gamal. Far min var rekruttert til ingeniørjobb ved den ny-etablerte aluminiumsverksemda på Husnes. Valet av Husnes som stad for hans framtidige bustad for familien, var grunngjeve i hans tilhøve til naturen. Kvinnherad, som er lokalisert mellom Hardangerfjorden og Folgefonna isbre, var den ideelle staden for ein friluftselskar. Denne gleda over å ferdast på fjorden og i fjella både sommar og vinter, smitta over på meg og mine fire søsken. Urørt natur tett på bygdene gjev eit fantastisk høve til aktivitet og rekreasjon. Den effekten vidsynet, luktene, stilla eller fuglesongen har på den mentale helsa, kan ikkje skildrast med ord. Naturen er ein stor del av min identitet og oppleving av livskvalitet, slik det er for dei fleste innbyggjarane her.

Eg ynskjer at nye generasjonar skal få dei same naturopplevingane som eg set slik pris på!

Naturopplevingar har også stor tiltrekkingskraft på turistar, og trekker til seg mange besøkjande til kommunen. Kvinnherad kommune satsar på reiseliv og turisme pga. dei naturgjevne føresetnadene kommunen har. Her er eit stort unytta potensiale, og kommunen er avhengig av nye etablerarar som vil satsa med den urørte naturen som ressurs.

Næringsliv og offentlege tenester i Kvinnherad er avhengig av å rekruttera medarbeidarar med ulik kompetanse. Det er kritisk viktig for helseinstitusjonar og verksemder generelt. Frisk og grøn urørt natur er det fortrinnet me kan ha. Det får me fleire positive tilbakemeldingar på.

Konklusjon: Områda som er tekne med i Kvinnherad må takast ut av forslag til rammeplan!

Hege Lægreid Røssland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags