«Lat oss bevara den urørte naturen i Kvinnherad til etterkommarane våre!»

Av
DEL

MEININGARAnten ein likar det eller ikkje, har delar av Noreg gode forhold for vindkraft. Og vindkraft er ein del av det grøne skiftet både nasjonalt og globalt. Med landbasert vindkraft er baksida openberr! Utbygging vil gje store konsekvensar for naturen vår. Naturinngrep, miljøøydeleggingar, støy, øydelegging av naturmangfald og reduserte naturopplevingar er nokre sentrale innvendingar. Skal ein nå måla (17 TWh planlagt + 30 TWh antatt behov) som er sett for vindkraft, vil ein berøra 630 km2 urørt natur. Sekshundreogtretti kvadratkilometer urørt natur... Det er ganske store område.

Det er kome fram at vindmøller tek livet av omlag 1.200 tonn insekt i Tyskland åleine. Dette er ein direkte trugsel mot t.d. pollinering av planter. Dette kjem i tillegg til alt av fugl som blir drepen. Vindmøller er direkte øydeleggande for det biologiske artsmangfaldet berre ved at dei er ført opp.

I nokre område er verneverdiane så store at det er uforeinleg med utbygging. Områda som er peika ut i Kvinnherad grensar heilt opp mot nasjonalparkgrensa. NVE peikar på at dette området eignar seg svært godt til vindkraft. Kvinnherad Venstre finn det svært merkeleg at nasjonalparken er verna for all utbygging, medan det nokre hundre meter lenger sør for nasjonalparkgrensa skal opnast opp for store naturinngrep som vil vera skjemmande og dominerande i landskapen. For Kvinnherad Venstre er det viktigare å verna om naturen, enn å la store multinasjonale selskap tena pengar på å rasera naturen.

Kvinnherad profilerer seg mot turistnæringa med at ein kan komma hit og oppleva naturen frå fjord til fjell. Om ein fører opp vindmøller i dei aktuelle områda vil ein begrensa sistnemnde. Begrensingar som òg går utover alle som nyttar desse fjellområda aktivt. Fjella våre er utmerka tur- og rekreasjonsområde, dei blir nytta til jakt og fiske, og somme stader til beiter. Her blir privatpersonar, lag og organisasjonar råka, og landbruket kan få begrensingar av tilgang til beitemark i fjella.

Skal ein nå måla om produksjonsauke av fornybar energi, bør ein satsa på å ha ei strategisk opprusting av eksisterande vasskraftverk. Potensialet i opprusting av eksisterande anlegg ligg mellom 22 og 30 TWh på landsbasis. Då er ein tilnærma i mål med behovet for 30TWh for å kunna erstatta all fossil energi med rein energi. Dette er noko Kvinnherad Venstre er opptatt av, og snakkar mykje med våre folk i regjeringa om.

I snitt kan ein forventa ein produksjonsauke på 23% om ein rustar opp alle aktuelle anlegg. Nye teknologiske løysingar og re-design av eksisterande anlegg gjer at ein får ein monaleg auke i produksjon sett i forhold til tidlegare utrekningar, der ein før låg mellom 2% og 3%.

Debatten om landbasert vindkraft har blitt aktuell fordi det no har blitt meir lønsamt å byggja og driva utan subsidiar. Diverre er havvind og bølgjekraft framleis på det stadiet at ein er avhengig av subsidiar for at dette skal vera lønsamt. Equinor har t.d. søkt Enova om 2,5 milliardar i støtte for å byggja ut Hywind Tampen, men dei gjer det fordi dei har tru på at det vil bli lønsamt i framtida. Der er Venstre einige, og meiner at ein må leggja meir pengar i potten for å få forska og utvikla dette segmentet meir og fortare. NVE peikar sjølv på områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø 1 og 2 som potensielle område for å få etablert havvindparkar.

For Venstre er det heilt avgjerande at utbygging av vindkraft blir gjort i område det allereie er etablerte vindkraft-anlegg, og i samråd med kommunane det er aktuelt. Urørt natur må i så stor grad som mogleg forbli urørt!

Venstre vil:

•Prioritera klassisk naturvern høgare i saker som vedkjem vindkraftutbygging.

•Ha ei strategisk satsing på opprusting av vasskraftanlegg.

•Vidareutvikla og styrka støtteordningane for utbygging av vindmøller til havs.

•Begrensa utbygging av vindkraftanlegg på land.

•Ha folkeavrøysting for å avklara innbyggjarane i Kvinnherad kommune sitt syn på vindkraft i Kvinnherad i samband med kommunevalet hausten 2019.

Kent Are Kjørsvik Petterson

Ordførarkandidat Kvinnherad Venstre

Artikkeltags