Vasskraft vs. vindkraft: «Utfordringa med modernisering, er negative skatteleggingsreglar»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad er ein stor produsent og leverandør av elektrisk straum og rein energi. Produksjonen har dei siste åra auka ved småkraft-utbygging og modernisering av eldre kraftverk.

Den siste tida har det dukka opp ein stor og engasjert debatt om vindkraft-utbygging i Kvinnherad. Kvinnheringane er heilt klar i talen, dei er imot. Det same er Kvinnherad Arbeidarparti, og vi har sendt inn negativ uttale til høyringa som NVE har sendt ut. Altså eit klart «NEI!» frå Kvinnherad Arbeidarparti til vindkraft.

Personleg har eg vore på omvising og orientering ved Fitjar vindmøllepark. Dette var med på å forsterka mitt personlege engasjement imot.

Når det gjeld vasskraft vil Kvinnherad Arbeidarparti støtta ei modernisering av eksisterande kraftverk og vurdering av eventuelt nye småkraftverk. Dette er nødvendig for å få mest mogeleg utfasing av urein energi. Utfordringa med modernisering, er negative skatteleggingsreglar. Kvinnherad Arbeidarparti jobbar opp mot våre sentrale politikarar på Stortinget for å få forandra desse reglane, slik at det kjem fart i moderniseringa.

Altså er Kvinnherad AP garantist for NEI! til vindmøller i Kvinnherad kommune.

Øyvind Hardeland

Kvinnherad Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags