Høgtidstemning då polet opna i Rosendal

– Gratulerer med dagen! sa rosendelingane til kvarandre i køen til marsipankake og sprudlande eplesider. Torsdag opna Vinmonopolet dørene sine i Rosendal.

DEL

Den høgtidlege snorklippen og opninga vart gjort av ordføraren og hans gode ven Remi Nerhus.

– Endeleg var dagen komen. Dette er noko ein har arbeidd for i mange år, sa ordførar Peder Sjo Slettebø.

Han peika på at eit Vinmonopol kjem til å bety mykje for Rosendal, både for dei som bur her og for handelsnæringa, fordi fleire vil handla i Rosendal.

– Det viktigaste er at det er et eit stort kompliment til dei som driv butikk her. At Vinmonopolet satsar her betyr at de har lukkast. Det betyr auka handel og det gjev eit meir komplett butikktilbod. Så eg vil eg takka alle dykk som står på kvar dag og driv butikk, sa ordføraren før han ynskte butikksjef Vibeke Agledal velkomen til Rosendal.

Gangen utanfor Vinmonopolet vart trong denne dagen, for mange hadde møtt fram til opninga. Dei fekk både kake og alkoholfri sider og gratulerte kvarandre med dagen før det var tid for å ta dei «ekte varene» i augnesyn.

200 typar

Vinmonopolet i Varehuset Rosendal er etablert som ein kategori 1-filial under Vinmonopolet på Husnes. Vibeke Agledal er dermed butikksjef for begge dei to polutsala i kommunen. Torsdag hadde ho med seg kollega Kari Natvik Røstbø til opninga.

– Vi skal ha filialen ope torsdag til laurdag. Det er dei fire faste tilsette ved Vinmonopolet på Husnes som skal rullera på å halda ope i Rosendal. Éi veke kvar, fortel Agledal.

Butikksjefen fortel at det i tillegg skal vera ope kvar måndag denne sommaren.

– Vi ynskjer å sjå korleis det er her om sommaren, så vi skal ha ope også kvar måndag til slutten av juli, seier ho.

Vinmonopolet i Rosendal skal ha eit utval på rundt 200 typar varer med dei mest selte variantane til Vinmonopolet. Dette er basis for alle kategori 1-filialane. I tillegg skal det etterkvart jobbast fram ei lokalliste, etter kva varer kundane etterspør i Rosendal.

– Vi veit ikkje kor mykje vi kjem til å selja her. Men vi i Vinmonopolet på Husnes gler oss og synest det er spennande med ein filial i Rosendal, seier Agledal.

Butikkstanden jublar

– Det er fantastisk at Vinmonopolet valde Rosendal! Fyrst og fremt for reiselivet, vi har jo mykje turisme i Rosendal. For både dei besøkjande på bubilparkeringa og i båthavna er dette veldig viktig, seier leiaren i Rosendal Utvikling, Laila Langesæter.

Ho minner om at både Asbjørn Soltveit og Knut Johannes Helvik har jobba for dette i mange år, så at det no kjem pol til bygda er svært gledeleg. Langesæter meiner at polopninga også vil vera bra for resten av bygda.

– Når folk legg polturen sin til Rosendal, gjer dei kanskje også matvarehandelen her og tar seg tid til å kikka i resten av butikkane i Skålagato, så dette er berre positivt!

Også dei to nærmaste naboane til Vinmonopolet i Rosendal, Sport1 og Fredheim Blomster ynskjer polet velkomen til bygda.

– Vi er jo ei turistbygd, så vi er glade for både mangfald og fleire butikkar i Skålagato, seier Kristi Hatteberg, butikkansvarleg ved Sport1 Rosendal.

Mette Friheim, butikkinnehavar ved Friheim Blomster, trur kanskje at enkelte no vil kjøpa vin av naboen i staden for blomar som gåver, men at alt i alt er etableringa av Vinmonopolet berre positivt.

– Dette er veldig bra for både bygda og butikkane her, slår ho fast.

Artikkeltags