Nytte årets første snødag

ENDELEG SNØ: Nora (8), Oliver (7) og Emma Karine (8) håpar snøen, og Kalle, held seg lenge før han smeltar. Å aka er noko av det kjekkaste med at det er snø, meiner Emma Karine.

ENDELEG SNØ: Nora (8), Oliver (7) og Emma Karine (8) håpar snøen, og Kalle, held seg lenge før han smeltar. Å aka er noko av det kjekkaste med at det er snø, meiner Emma Karine.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det har vore ein våt vinter så langt, men natt til måndag fall vinterens første snø, til stor glede for blant andre borna på Undarheim skule.

DEL

– Det er veldig kjekt med snø, seier Nora Røssland (8), Oliver Tveit Vårdal (7) og Emma Karine Nordøy (8), som går i andre og tredje klasse på Undarheim. Dei er begeistra for den kramme snøen, og har nytta tida ute til å byggja ein snømann.

– Han heiter Kalle! fortel dei.

– Å laga snømann, snøenglar og å aka er det kjekkaste med at det er snø, seier Emma Karine.

– Eg håpar snøen blir liggjande i tusen millionar dagar! seier Nora, og dei to andre nikkar.

Men skal vi tru vêrmeldinga er det fare for at han forsvinn med regnet som trugar natt til tysdag.

Har du fine vintermotiv frå vinterens første snø, anten av landskap eller av leik og aking? Send dei til oss her!

Artikkeltags