Festidalen LIVE

Telefon: 534 82 146 E-post: redaksjon@kvinnheringen.no Send video

Søndag 6. August 2017

01:30

Då var det dessverre over for i år. ☹️Takk til alle som har følgd Festidalen-dekninga vår direkte her på Kvinnheringen.no, og til alle frivillige som har jobba og stått på for at vi andre skulle ha ei fantastisk helg! Festidalen gjer oss stolte av å vera kvinnheringar❤

01:23

00:58

Vi sluttar med fyrverkeri.

00:52

Harde saker.

00:50

Smått gjørmete.

Lørdag 5. August 2017

23:56

Danko Jones rockar fletta av Festidalen-publikummet 🤘🏼

23:01

Jan Inge Merkesdal pynta i julelys.

22:58

Såpebobler over Julie Bergan 😍

22:47

Tett i tett no når Julie Bergan er på scenen.

21:46

Sondre Justad Tok seg like så godt ein slurk 🍺

21:45

Sondre Justad i storlag med "stagediving". Han kan å flørta med publikum i regnet!

21:34

Jarand Skarveland diggar Festidalen.

21:28

Då fyllest bakkane igjen. Sondre Justad på scenen.

21:22

Festivalklare folk varmar opp med stil nede i sjøkanten.

20:22

Odd Henning (Spurs) Saghaug og Daidalos Dahle diggar Bottlecap.

19:50

Nokre hyggjer seg på låven i regnet. Vegard Kyrkjebø, Eivind Tvedt, Daniel Skeie og Gaute Lund.

19:10

Knallhardt med Sassy Kraimspri.

19:09

Det er såpass vått på jordet at Kystvakten er på plass.

18:19

Er no litt vått enno.

18:13

Vår lokale Elsa Søllesvik i duoen Elsa og Emilie på scenen. Og no lettar det.

16:44

Henriette Seim og Tone Helen Ljosnes Moen kosar seg under Odd Nordstoga sin konsert, trass aggressive regnbyger.

16:43

Det vart litt vått.

16:37

Då var Odd Norsdtoga i gang. Regnet kan gjera sitt beste, men øydelegg ikkje den gode stemninga.

16:34

Odd Nordstoga er høgdepunktet i dag, meiner Sylve Rusten.

16:29

No strøymer det til med folk som vil høyra sjølvaste Odd Nordstoga.

14:50

Mix-Master Crew med eit forrykande danseshow

14:23

Freddy Kalas-stemning på Småstjerner

14:10

Moteshow med redesign-gruppa

14:07

Du store all verda for nokre sprekingar.

14:06

Marimbashow på Festidagen

13:57

13:57

Jan Ove Fagerheim bruker dagen på å selja Kvinnheradspel.

13:52

Den store nysirkus-gruppa byr på spreke stunts.

13:40

Festidagen-showet er i gang i Aktivitetshuset. Først ut er Marimba-gjengen.

13:04

Martin og Otto Femsteinevik til topps. Martin skaut midt i eplet. Ordføraren har nok sett betre dagar.

12:59

Vinnararane av finalen er dei som kjem nærast det raude eplet på hovudet til Ordføraren.

12:58

Finale mellom Bråtun og Hjelmeland og Femsteinevik- brørne.

12:55

Hjelmeland og Bråtun best på vedstabling og trillebår.

12:48

Jarand Naterstad med ved i kjeften.

12:45

Levande trillebårer - skal byggjast tårn av veden.

12:42

Kari Bråthun og Johannes Hjelmeland best i skitstøvelkasting.

12:39

Bjarte Døssland er speaker. Ganske flink.

12:39

Etter tre øvingar Femsteinevik-gjengen nummer ein, far og son Heien to, Mor og son Guddal/Naterstad nummer 3.

12:37

No støvelkast

12:36

Femsteinevik til topps igjen.

12:32

Svømming i den tredje øvinga. Kaldt.

12:30

Magne Og Johannes Heien og Martin og Otto Femsteinevik vann pil og boge med 49 poeng. Sist kom Sæle og Ramsland med 4 poeng.

12:28

Solid konkurranseinstinkt på deltakarane.

12:24

Heiagjengen til Kari Bråthun.

12:21

Masse folk ein grå laurdag på Festitaren.

12:20

Magne Heien skaut som ein Gud i bogeskyting.

12:18

Brørne Femsteinevik og dei andre klare for bogeskyting. Meiner ikkje dei har nokon fordel.

12:15

Nr to i første runde - Jarand Naterstad og Ingrid Guddal. Her nesten ulukke mellom Sara Guddal og Jaran Naterstad.

12:13

Otto og Martin Femsteinevik vann første runde i Festitaren.

11:08

God morgon alle i saman. Håpar livet er bra ein laurdag føremiddag. No er det ein knapp time til Festitaren startar. Vi har stor tru på at veret lettar når Magne Heien, Johannes Heien, Martin Femsteinevik, Otto Femsteinevik, Elisabeth Sæle, Lars Håkon Ramstad, Johannes Hjelmeland, Kari Bråthun, Ingrid Guddal, Johannes Naterstad, Johannes Guddal og Sara Guddal skal konkurrera mot kvarandre. Måtte det beste laget vinna.

01:18

Vi takkar for oss i kveld og kjem attende i morgon.

01:16

Då er det berre til å hoppa på bussen og komma seg heim. Vi snakkast i morgon!

01:10

Styggen på ryggen kom sjølvsagt. Eit prima punktum på kvelden!

00:53

Heftig stemning !!!

00:43

Dere er amazing, kjem det frå Onkl P.

Publikum let seg sjølvsagt sjarmera 😎

00:31

Skulle hatt solbrille så ein kan sola seg i glansen frå Onkl P og de fjerne slektningene 😎

 

00:05

No er det duka for skikkeleg fest for heile familien. Onkl P og de fjerne slektningene leiar an.

Fredag 4. August 2017

23:45

Heile kjernefamilien venta på han kule onkelen, og resten av slekta.

23:40

Pausen mellom konsertane er prima til å få seg ein matbit på. Burgerane ser ut til å gå i skytteltrafikk mellom grillen og gapa. Jammen er den god òg!

23:16

Nils Trygve Markhus og Karianne Solheim synest at Spidergawd var berre kanonbra. Eller berre lækkert, som dei seier lengre nord.

 

23:08

Viljug til å setta gode pengar på at han her er speidar. #alltidberedt

22:58

Å Festidaaaaaalen - når eg ser deg slik.

 

22:51

Andreas Huse er kledd for alt - poncho, hawaiiskjorta og solbrille. Kva meir treng ein?

22:46

Headbanging, røffe riff, langt hår og ein ellevill trommis. Er det dette dei kallar gullrekka? Publikum ser i hvert fall ut til å vera einig!

22:37

Spidergawd er i gong!

22:22

Carina og Jøran kosar seg på Festidalen.

22:12

Brillefin sa du? Brillefin, sa vi!

22:04

Vil kje vær i din verden, syng Store P.

Men vi trur han stortrivst i Festidalen-verda.

21:56

Store P tilfredsstillar publikum.

#erdetlovåsei

 

21:48

Fotobua, eller Photo Booth som dei kallar det, vart eit populært innslag.

Dag Instanes (t.v) og Anders Bakke Berntsen

21:43

Prøvd burgeren enno? Mange flittige hender er i sving for å få mat i kvinnheringane. Og burgeren er knallgod!

 

21:33

Det er ikkje storleiken det kjem an på, seier dei. Tull og tøys seier Festidalen og sender Store P på scena.

21:26

Marie Schille, Jorun Larsen og Silje Eide Rusten kosar seg trass i regnet. Og berre så du veit det: Ser du den strikka halvliter-haldaren til Jorun? Den har båtfolk gitt Jorun fordi ho plukka konfetti etter Lambasleppet i går!

21:19

Trudde du at du såg dobbelt og trong ein runde? Neida, Trine og Line Nødland er tvillingar. Og dei jobbar frivillig sjølvsagt!

21:06

Ary gav alt under konserten på fredag!

21:02

Hvis du treng eit nytt bandnavn får du det her. Rosa matrosa!

 

20:58

Herleg stemning under Ary sin konsert.

20:49

Vi satsar på at såpeboblene skubbar vekk dei stygge skyene baki der.

20:47

God stemning, topp musikk på scena og SÅPEBOBLER! Blir det betre?

20:38

Ary hadde lenge drøymt om å spele i regnet, og det fekk ho innfridd. Men det var heldigvis berre ei byge. Lov å håpa at det vert sydenliknande tilstandar om litt? #evigoptimist

20:28

Merethe O. Tveit og Ingebjørg Eik har sjølvsagt teke vegen til jordet.

20:27

Kva har tre bokstava og er på scena no? Ary sjølvsagt 😎

20:11

Line Haugland og Vibeke Fredheim Røssland er frivillige i morgon og på fest ikveld. Ser du Line på området må du seie gratulerar med dagen - ho har bursdag! 😃👏🏻

20:10

Denne Husnes-gjengen storkosar seg på Festidalen. Faktisk plar dei ha samme bordet kvart år! 😄👍🏼

20:00

Kom og dans med meg før vi flyr avsted syng Hjerteslag.

19:54

Festidalens fine frøkner. Frå venstre: Linn Cathrine Thunold, Elin Myklebust, Aina Holand, Ann Iren Myklebust, Hildegunn Furdal, Magnhild Varanes, Anita Maurangsnes og Ingvill Myklebust.

19:41

God stemning under Hjerteslag. Remssin Haron (t.v) Jørand Bringedal, Ingrid S. Thoen, Øystein Skår og Evelina Widén.

19:27

Hjerteslag er i gong.

19:22

Gutta krutt på festival. Frå venstre Eirik Skeie, Paul Erik Gausvik, Tor Skeie Olsen, Jørund Havnerås og Njål Malmanger Berg.

19:05

Klar for Ary? Det trur Atle Toresen og Siv Framnes at kjem til å bli veldig bra.

  • Ho er ikkje så godt kjent, men det kjem til å bli veldig bra. Folk får nok ein liten wow-opplevelse, seier dei.

18:55

Daniel Kvammen fekk jammen klatra òg under "Du fortenar ein som meg".  

 

18:52

I brusbuo finn du både fine folk og god mat - for utan mat og drikke dug jo Festidalenhelten ikkje!

 

Frå venstre: Susanne Kabbe, Kaia Renata Bergersen, Kristine Enæs Medhaug, Martin Yri Røssland og Martha Saghaug.

18:44

Fuck deg helsing 90-talet.

18:37

Kameratane Øyvind Rise (t.v) og Matz Håvik er klare i talen: I kveld er det Daniel Kvammen som er favoritten, i morgon er det Sondre Justad.

18:27

Anne Louise Økland (t.v), Lars André Stavland, Silje Therese Tendenes, Emilie Hestenes, Geir-Stian Fredsvik, Joachim Sand Knudsen, Eirik Eikefjord storkosar seg på jordet dei òg - med prima utsikt til både Daniel Kvammen og såpebobleshowet.

18:25

Kvammen på scena

18:24

Daniel Kvammen først på scena med bobleshow.

18:09

 

Daniel Kvammen spør om vi har det bra, og sjølvsagt har vi det bra - det er jo opplett! 😁

18:06

Er vi i Sverige eller på Halsnøy eller Uskedalen?

18:06

3-2-1: Daniel Kvammen har sparka i gong Festidalen!

 

18:05

Som alltid - vakkert pynta i Uskedalen.

18:03

Tone Miljeteig, Ordførar og Tore Kjell Thorsen skal å høyra på Daniel Kvammen.

17:59

Britha Damås (t.v) Mari Helvik, Synne Ankervold, Maren R. Trå, Malene R. Trå er på plass heilt framme ved scena og gler seg veldig til Daniel Kvammen 😎

 

17:51

OnklP kom standsmessig i båt til Uskedalen.

16:52

Havnesjefen på plass i Uskedalen.

16:36

Og sola skin over Uskedalen. Møt opp.

16:28

Steinar Andersen og Arnhild Sørestrand er på plass på festival for første gong. Vel plassert i båthamna. Eliten frå Dåfjorden vert det sagt.