Er du Kvinnheringen-abonnent, har du nemleg tilgang til alt på Direktesport.no, Amedia sin sportsportal. Direktesport finn du hos Kvinnheringen anten du brukar app eller nettlesar, og Direktesport kan ein òg lasta ned som eigen app på til dømes Apple TV. Der loggar ein inn med same brukarinformasjon som hos avisa.

Hos Direktesport kan ein sjå Brann-kampar frå OBOS-ligaen.

Ein kan sjå Toppserien for kvinner, eller forskjellige NM-kampar.

Ein kan sjå kampar frå dei øvste nivåa i norsk fotball og langt ned i divisjonssystemet.

Ja, ein kan til og med sjå polsk eliteserie eller kampar frå Norway Cup, der som regel klubbane frå Kvinnherad årleg har lag med.

I Norsk Tipping-ligaen avdeling 3 kan ein sjå Rune Åsheim Mo sitt Åkra i aksjon. Sunde-guten tok over trenaransvaret for Karmøy-laget i 3. divisjon like før sesongstart, og har varsla at han sjølv legg opp for å satsa fullt og heilt på sin første hovudtrenarjobb. Og i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1 bankar Roger Blokhus Ekeland frå Sandvoll til vanleg inn mål for Os.

I same liga (avd. 3) kan ein sjå fleire av Stord sine kampar. Laget har Robin Øvrevik og John Andre Røyrane, begge frå Kvinnherad, som trenarar.

Synne Eide Bjørnebøle frå Halsnøy er sentral for Åsane på nest øvste nivå. Bjørnebøle & co. tapte opprykkskampen til Toppserien i fjor, og må derfor ta minst ein sesong til i 1. divisjon.

Endre Eide frå Husnes er assistenttrenar for Start i OBOS-ligaen. Kanskje kjem dei til å kjempa med Brann om opprykk?

På Direktesport.no kan ein òg sjå handball, trav, friidrett, futsal, ishockey og mykje anna.

Eit partnarskap mellom TV 2 og mediekonsernet Amedia gjer forskjellig sport no meir tilgjengeleg. Avtalen blei kjent i mars, og gir abonnentane tilgang til over 5.000 norske kampar i fotball, handball og ishockey, heitte det då. Amedia eig over 80 lokalaviser landet rundt, inkludert Kvinnheringen. TV 2 har rettane til norsk fotball frå 2023 til 2028. Perioden for handball og ishockey strekker seg til 2030.