Gå til sidens hovedinnhold

– Vi har mista ein viktig samlingsplass

Artikkelen er over 3 år gammel

Lokale ungdommar synest sommaren har mista litt av glansen etter at volleyballnettet i båthamna blei teke vekk. – Vi kan godt vera med og ta ansvar for banen sjølv, føreslår Ester Djuvstad (18) og Zumilana Eldi (18).

I fjor sommar valte Søral bedriftsidrettslag (B.I.L.) å ta vekk volleyballnettet på sandvolleyballbanen dei eig i Husnes båthamn. Dette på grunn ei usemje med Husnes båthamn, mellom anna om kven som skulle klippa graset. Til Kvinnheringen uttalte partane då at dei ønskte å koma til ei semje, men konflikten fekk inga løysing, og no i mai 2017 står banen framleis utan nett.

– Veldig dumt. Før kunne vi alltid gleda oss til å hengja med venner i båthamna når våren og sommaren kom, og det var særleg på grunn av sandvolleyballbanen. Den var så populær at ein måtte vera tidleg ute for å få spela. Vi saknar den veldig, fortel 18-åringane Ester Djuvstad og Zumilana Eldi.

Dei fortel at dei har snakka med mange ungdomar som seier det same.

– Banen var mykje brukt av folk i alle aldrar, og ein treng ikkje kunna spela sandvolleyball så godt for å ha gleda av det. Både lokale og tilreisande nytta banen. Det var noko med heile konseptet her - sommar, sol, volleyball, venner, bading og grilling - ein får liksom ikkje det same andre stadar. Vi har mista ein viktig samlingsplass, seier jentene.

At ansvarsfordelinga for banen har skapt usemje, har dei forståing for, så også der har dei tenkt ut ei løysing.

– No er det vi som er russ til neste år. Russen deltar som regel i ulikt dugnadsarbeid. Kva om russen fekk ansvaret for at banen såg grei ut, og at den blei halde ryddig? Dei fleste ungdomane ville nok vore villige til å ha dette ansvaret, det er berre å ta kontakt med oss. Vi gjer gjerne ein ekstra innsats for å få banen opp å gå igjen, føreslår ungdomane.

– Kan gjerne sjå på det

Geir Yven, leiar i B.I.L., viser til oppslaget frå Kvinnheringen i fjor der det kom fram at det har vore usemje rundt drifta av idrettsanlegga i båthamna, og seier dei eigentleg hadde bestemt seg for berre å gi opp heile volleyballbanen. Men når han høyrer om forslaget til jentene, seier han seg villig til å sjå på saka på nytt.

– Dette med volleyballbanen har diverre blitt ei komplisert og betent sak som vi eigentleg hadde sagt vi ikkje ville jobba vidare med. Men når det kjem ei hyggeleg førespurnad frå kjekk ungdom, og vi skjønar at banen betyr mykje for dei, vil eg ikkje vera vanskeleg. Eg skal ta det opp med styret, så kan vi nok gjerne sjå på forslaga dei kjem med, seier Yven.

Kommentarer til denne saken