Ujamt spel – klar siger

Malin H. Tungesvik (nr 4) set inn ein god smash. Dei andre Trio-spelarane på bildet er f.v. Martha Saghaug, Amlie M. Ynnesdal, Christine S. Bjørsvik og Anna Skogseth.

Malin H. Tungesvik (nr 4) set inn ein god smash. Dei andre Trio-spelarane på bildet er f.v. Martha Saghaug, Amlie M. Ynnesdal, Christine S. Bjørsvik og Anna Skogseth. Foto:

Trio hadde stort sett taket på Lyderhorn i søndagens heimekamp i Husneshallen, men sleppte gjestene litt for tett innpå i to sett.

DEL

Både første og andre sett baud på spennande og jamne avslutningar før settpoenga vart fordelte. I det første settet leia Trio-damene heile 21–12, men mista grepet litt og gjorde det såpass spennande at settballen først kom på 24–23.

I andre settet var bildet omvendt og det var stort sett Lyderhorn som var i føringa. Men akkurat som i første sett, vart det ei jamn og spennande avslutning, nærare bestemt frå 19–19 og utover. Denne gongen var det Lyderhorn som fekk settball på stillinga 24–23, og gjestene greip sjansen til å kapra eit settpoeng.

I tredje sett fekk heimelaget meir orden på spelet, både i angrep og forsvar. Også i det avsluttande settet hadde heimelaget god kontroll og viste at det var eit par hakk betre enn gjestene.

Trenar Stian Petterson vedgjekk av kvaliteten både på forsvars- og angrepsspel svinga i overkant mykje, men gledde seg over at laget gang på gang svinga seg dei nødvendige stega opp igjen i dei avgjerande fasane.

– Me er heldige som har mange spelarar å ta av. Då kan me byta og sjonglera litt, alt etter korleis spelet går, seier Petterson.

Han synest heile laget fortener ros for innsatsen, men gir litt ekstra til Renate Engelsen i forsvar og Malin H. Tungesvik og Christine S. Bjørsvik i angrep.

I haust tapte Trio 3–0 borte mot Lyderhorn. Denne gongen vart det altså andre bollar og Trio er med i topp tre-kampen i andredivisjon (tabell og terminliste finn du her).


Kampfakta:

2. divisjon Hordaland:

Trio–Lyderhorn 3–1

(25–23, 23–25, 25–13, 25–17)

Trio: Malin H. Tungesvik, Irmelinn S. Petterson, Christine S. Bjørsvik, Frida S. Nilsen, Martha Saghaug, Anna Skogseth, Renate Engelsen, Amalie M. Ynnesdal, Marlene H. Johansen, Hanne Lene Tofte og Anniken H. Røssland.

Trenarar: Åge Vik og Stian Petterson.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags