Dei blidaste volleyball-jentene i landet

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Dei hevdar å vera knallgode å spela volleyball, og det er nok godt mogleg. Men ein ting er vi sikre på – du finn neppe blidare lag enn Trio sine 12 år gamle jenter.

I snart to år har 12-åringane spelt saman på lag. Dei kjem stort sett frå Sunde, Valen og Husnes og går i sjuande klasse i desse bygdene. Om ikkje lang tid er det seriestart for volleyballspelarane i kommunen, slik er det òg for 12-åringane til Trio, som meiner dei kjem til å få ein kjempesesong. Unisont kjem det frå dei at dei neppe kjem til å tapa ein einaste kamp inneverande år.

– Vi er nok det beste laget av alle Trio-laga, vi slår damelaget òg, garantert, ler dei.

Smilande og blide fortel dei om at dei går på både dans, tumbling, handball, riding og turn, men volleyball er sjølvsagt det kjekkaste. I fjor gjekk dei på eitt og anna tap, men mange var det ikkje, og denne sesongen har trenar Sille Tars verkeleg fått sving på dei, hevdar jentene sjølve. I haust ventar det kampar både i Øystese og Bergen, og byturane er klart det som er kjekkast. Og trenaren får masse ros for jobben ho gjer:

– Det er utruleg kjekt. Vi får premiar for å koma oftast på trening, og det er vi veldig flinke til, seier dei.


Plass til fleire

Då Kvinnheringen er innom ein torsdag ettermiddag er det høg aktivi-tet i Husneshallen. Her trenar både 12-åringane, det nye gutelaget og dei aller yngste, men det hadde absolutt vore plass til fleire. Sille Tars i volleyballgruppa seier aktiviteten har gått nedover i volley-ballgruppa dei siste åra.

– Vi slit eigentleg med å få tak i både nok ungdommar og nok trenarar. For volleyballgruppa sin del skulle vi hatt fleire av begge delar. Fleire ungdommar er det uansett plass til, og om nokon vurderer å spela volleyball er dei hjarteleg velkomne. Alle blir tekne imot med opne armar, seier Tars.

Første helga i november skal volleyballgruppa ha seriehelg, og då vil det òg vera ein open dag. Då vil volleyballgruppa visa litt av det dei held på med.

– Alle som vil kan koma bort i hallen, og vi håpar dei som kunne tenkt seg å spela volleyball stikk innom. Då blir det leikar og konkurransar med premiar, så det er berre å koma bortom hallen då, seier Tars.

Ho fortel at det har vore periodar med veldig høg aktivitet i volleyballgruppa, og for nokre år sidan var det slik, men no er ein nede i ein liten bølgjedal. Den dalen vil ein ut av. I år stiller Trio totalt med fire lag, det er damelag, eit nytt gutelag med to jenter, eit jenter 12-lag og ei rekrutteringsgruppe.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags