Første sett starta jamt mellom dei to laga, men etter kvart drog Trio heftig ifrå. Heimelaget avslutta settet med 25–14-leiing. I andre sett starta Søre Neset best, med fleire poeng på rad. Men då poengtavla viste 5–2 til gjestene, tok Trio tak og hamna ganske snart i leiinga igjen. Då Trio låg framfor med fem poeng, bad Søre Neset sin trenar om ein time-out. Gjestene hang på, og etter kvart mista Trio litt kontrollen. Det utnytta Søre Neset, som fekk minka poengavstanden. Trio hadde likevel stort sett kontroll også i andre sett, og vann 25–19. I tredje og siste sett starta Trio bra, men då heimelaget hadde kome til ni poeng tok Søre Neset seg saman. Plutseleg stod det 9–9, og Trio-trenarane Stian Petterson og Åge Vik bad om time-out. Heimelaget skjerpa seg etter det, og klarte å skapa avstand. Etter litt meir rot mot slutten klarte Trio å hala kampen i land med 25–17 i siste sett.

– Det var ein «ruskesiger», med litt rot innimellom. Men vi hadde stort sett kontroll, og eg synest damene henta seg fint inn igjen, sa Petterson etter kampen.

Trio har no spelt åtte kampar, og berre tapt to. I morgon (søndag) møter dei Viking TIF 2 i Husneshallen.

2. divisjon volleyball, damer:
Trio - Søre Neset 3–0 (25–14, 25–19, 25–17)

Trio: Renate Engelsen, Malin H. Tungesvik, Cathrine Skogseth, Anna Skogseth, Katja Hoffmann, Amalie Ynnesdal, Christine B. Skogseth, Trine Sundfjord.