To lag til kvartfinalen i NM

Strand-Ulv U15 jenter tok ein imponerande femteplass i NM. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Strand-Ulv U15 jenter tok ein imponerande femteplass i NM. (Foto: Jonn Karl Sætre). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Strand-Ulv var representert med tre lag under junior-NM i helga. To av dei spelte seg fram til kvartfinalen.

DEL

Norgeseliten av ungdomslag var samla til NM i volleyball for ungdomslag i Kristiansand og Sandane frå fredag til laurdag. Jenter U15 laget til Strand-Ulv var i Kristiansand. Laget fekk ein flott start og slo Brøstabotn (2-0), Gneist (2-0) og Mandal (2-0). Dermed var det klart for kvartfinale der Koll frå Oslo var motstandar. Det vart ein tett og jamn kamp som Koll til slutt vann 2-1 (25-19, 19-25, 15-19).

– Det vart ein tøff og spennande kamp, der det var små marginar som avgjorde. Vi hadde ikkje marginane på vår side. Jentene var langt nede etter det tapet, seier trenar Vivian Tuften.

Men laget reiste seg og var raskt skjerpa til kampen om sjuande og åttande plassen. Her vart Austrått slått 2-0. Dermed var det klart for den siste kampen som handla om å bli nummer fem eller seks av dei 24 U-15-laga som hadde kvalifisert seg til dette NM. Motstandar var Kolbotn. Strand-Ulv vann til slutt 2-1 og vart dermed nummer fem i årets junior-NM.

– Sjølv om vi var skuffa etter kvartfinalen, og meinte vi hadde gode sjansar til å kvalifisera oss for semifinalen, er vi tilfreds med innsatsen i dette NM. Vi møter dei beste ungdomslaga i landet, oppsumerer Tuften.

U15 gutar vart nummer 16 etter å ha slått Torvastad 2-0 og Koll 2-0 i dei to siste kampane.

– Det kunne nok godt litt betre enn det gjorde, meiner trenar Even Måge.

Er i norgestoppen

U19 jenter var i Sandane for å kjempa om NM-tittelen. Trenar Ragni Hestad oppsumerer helga slik:

– Vi får stadfesta at Strand-Ulv er heilt i norgestoppen. Det er imponerande. Vi kjempar mot store byar som har benken full av innbytarar, medan vi ikkje har nokon, seier Hestad.

Både ho og laget er litt skuffa etter at det vart tap mot Tromsø i den siste kampen om femte- og sjetteplassen.

– Det var ein utruleg god og jamn kamp. Vi kan ikkje vera misnøgde med ein sjetteplass, men det er små marginar frå at vi kunne vore i ein finale. Dei seks første laga er veldig jamne, det er nesten tilfeldig kven som kjem til finalen, seier Strand-Ulv-trenaren.

Laget slo Asker (2-0) og Blindheim 2-0 i dei to første kampane. Deretter vart det 0-2-tap for Førde. I åttandedelsfinalen vart Tønsberg slått 2-1. Men etter ein veldig tett kamp, vart det tap med 1-2 (25-19, 17-25, 12-15) mot KFUM Stavanger i kvarfinalen. I kampen om femte til åttandeplass vart Rossvoll slått 2-1.

– Det er litt trist stemning i laget akkurat no. I tillegg til at det vart tap i denne siste kampen, så var det den siste kampen dette laget spelar saman, seier Hestad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags