Flott volleyballhelg for Strand-Ulv

Strand-Ulv sitt jentelag i U19 tok førsteplassen i den første serierunden i helga. (Foto henta frå Facebook-gruppa «Volleyball i Hordaland»).

Strand-Ulv sitt jentelag i U19 tok førsteplassen i den første serierunden i helga. (Foto henta frå Facebook-gruppa «Volleyball i Hordaland»).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I helga var det første serierunde i volleyball for U17 og U19. Serierunden for U17 var i Øyestese på laurdag, der Strand-Ulv sitt jentelag hamna på toppen. Gutelaget hamna på ein fin andreplass, etter eit knipe 15–17-tap mot Viking. Søndagen var det serierunde for U19 i Strand-Ulv-hallen, og der hamna Strand-Ulv sitt jentelag på førsteplassen på heimebane. Imponerande!

Det er også verdt å nemna at Strand-Ulv sitt jentelag i U17 no har to spelarar på landslaget i volleyball, Hanna Eikeland og Tora Aksnes, pluss tre jenter i brutto-troppen til regionslaget i Hordaland. Av Gutar17-laget er heile sju av sju i brutto-troppen til regionslaget i Hordaland.

– Vi er veldig stolte av å ha så mange av spelarane våre på regionslaga, kommenterer Ragni Hestad, ein av trenarane for Strand-Ulv.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags