Juleavslutning med familien

07. desember 2018, kl. 11:00

Torsdag kveld arrangerte volleyballgruppa til Trio juleavslutning for både barn og foreldre. Rundt 70 personar møttest i Husneshallen for volleyballspel og sosialt. – Eg trur heile gjengen gjekk heim strålande nøgde, og at dette blei ei fin avslutning før jul, spesielt for dei aller yngste. Eg vil takka alle og ønska ei riktig god jul og eit godt nytt år, seier Cathrine Skogseth, nestleiar i volleyballgruppa, til Kvinnheringen. Sjå bildeserie her: