Gå til sidens hovedinnhold

«Vonleg vil fleirtalskoalisjonen sprikka på denne saka også denne gongen»

Artikkelen er over 1 år gammel

MEININGAR

Fleirtalskoalisjonen som står bak ordføraren i Kvinnherad denne valperioden, Senterpartiet, Ap og Sosialistisk Fellesliste av SV og Raudt, har sett kommuneadministrasjonen i sving med å laga ei vurdering av skule og oppvekstsektoren i Kvinnherad.

No kjem denne vurderinga som sak til kommunestyret snart. Det kan vi òg sjå av avisinnlegg frå Sosialistisk Fellesliste.

Dei skriv i avisanlegg om dagen at dei vil venta til neste år før dei vil leggja ned skular. Det er viktig at beslutninga modnast for å ha legimitet, heiter det derifrå. Det vil vel seie at folk skal få litt meir tid på seg til å venja seg til at grendaskulen skal leggjast ned.

Sist det var debatt om skulestrukturen var det sterke krefter i m.a. Arbeiderpartiet, Venstre og KrF som dreiv fram nedleggingsforslaga. Den gongen var det Håkon Røstbø, Hilde Enstad og Lars Magnar Bjelland som til slutt datt over på nei-sida og dermed vart med å berga skulane på Sunde, Sandvoll og i Herøysundet, som den gongen vart føreslegne lagde ned.

Frp har i førre kommunestyreperiode stått saman med Høgre og Senterpartiet som ein garantist for å vidareføra den desentraliserte skulestrukturen i Kvinnherad. Frp vil også denne gongen halda fast på at vi har råd til å oppretthalda skulane i Kvinnherad.

Skulestrukturen er òg svært viktig for folk som vi ynskjer få til å flytta til oss når vi no skal møta framtida og skapa vekst og auka folketalet i kommunen vår. Partiet vårt har programfesta at skular ikkje skal leggjast ned utan at dette er eit ynskje om lokalt eller fordi det pedagogiske grunnlaget blir for svakt.

Den vurderinga som er gjort av skulane i kommunen vår viser viser store skilnader i kvalitet og læreresultat. Men det er ikkje slik at dei små skulane skårar dårlegare enn større skular.

Vi i Frp har stor von om at Høgre og Senterpartiet framleis vil så fast saman med oss for å sikra grunnlaget for skulane i Kvinnherad. Vonaleg vil fleirtalskoalisjonen sprikka på denne saka også denne gongen.

Ove Lemicka
Gruppeleiar for Frp i kommunestyret

Kommentarer til denne saken