Bettina sin sjarmerande eittåring syt for ekstra god stemning i sofaen til Wenche i heimen på Husnes. Kaffi i rosa sløyfe-koppar passar godt inn, og heldigvis er Wenche si historie ein god grunn for at dei tre i sofaen og familie og vener elles har grunn til å vera glade.

– Pandemien har gjort det meir tungvint for kvinnheringar å gjennomføra mammografiundersøkinga ein periode, og det vore ein del negative diskusjonar i einskilde forum rundt dette med lang reiseveg. Men eg er veldig glad eg reiste til Bergen og gjennomførte undersøkinga, seier Wenche.

Ho kjenner til at einskilde har droppa mammografien sidan mammografibussen har hatt pause i Kvinnherad, men håpar at hennar historie kan visa kor viktig det er å nytta seg av tilbodet, sjølv om ein må ta ei dagsreise til Bergen.

– Eg har diskutert dette med Bettina fleire gonger, og ho har oppmoda meg om å gå ut med historia mi for å få fleire til å ta undersøkinga. Men eg har kvidd meg med det – det er jo ikkje så kjekt å blottleggja seg på denne måten, og er ikkje ute etter medkjensle. Men fredag las eg innlegget frå Kreftforeningen på Kvinnheringen si nettside, og der gjekk det fram at mange har skippa undersøkinga under pandemien.

Les også

«Mammografitimen er viktigare enn nokon gong»

Kjapt svar

Wenche var på mammografiundersøking i Bergen om kvelden tysdag 1. juni. Alt dagen etter fekk ho telefon om at det var påvist to kular i det eine brystet.

– Den dagen var eg på Stord i nokre ærend, og først avviste eg faktisk ein telefon frå eit ukjent nummer. Men då det ringde igjen litt seinare – av alle stadar var eg på Biltema – såg eg at det var eit bergensnummer. Då tok eg telefonen og vart naturlegvis ganske sjokka då eg vekk vita at eg måtte tilbake på ny mammografi, ultralyd og biopsi (vevsprøve) dagen etter.

Etter dette fekk Wenche beskjed om at det var to kular i brystet, og truleg kreft i den eine som var 22 millimeter stor.

– Det var tøft for oss rundt òg – eg hugsar eg tenkte «skal eg ikkje få ha mamma med meg i livet særleg lenger?», fortel Bettina, før Wenche fortel vidare:

– Kulane låg slik til at det truleg hadde gått lang tid før eg hadde oppdaga dei sjølv.

Rask respons

– På veg heim frå Bergen torsdag 3. juni fekk eg ny telefon om at Haukeland universitetssjukehus ville ha meg tilbake på MR-undersøking dagen etter. Eg er kjempeimponert over kor raskt det vart handla frå sjukehuset si side, seier Wenche.

Etter ei knapp veke fekk ho beskjed om at det var kreft i den eine kulen og ho fekk time for samtale med kreftlegen 10. juni. Då vart det også tatt blodprøve for å sjekka om det var genetisk betinga kreft, noko også søskena til Wenche, døtrene og andre i nær familie etter kvart måtte gjennom.

– Det var tøft å venta på det svaret. Heldigvis var det ikkje genetisk betinga kreft – då hadde eg måtta fjerna begge bryst og livmor. 1. juli vart eg operert og svulsten vart fjerna, fortel Wenche.

Ei tid etter operasjonen måtte Wenche gjennom strålebehandling, og vidare – i fem til år – handlar det om hormonbehandling, behandling mot beinskjørheit og to årlege intravenøse dosar av zoledronsyre som motverkar tilbakefall.

Wenche har berre lovord om møtet med ulike kreftspesialistar og -sjukepleiarar ved Haukeland universitetssjukehus:

– Det har vore heilt utruleg dyktige og kjekke folk! seier Wenche, og Bettina supplerer også med godord:

– Eg har vore med mamma på mange av turane til sjukehuset, og dei har vore utruleg flinke til å forklara kva som skal skje, og det på ein forståeleg måte.

Strålebehandling

Wenche har òg vore med på eit forskingsprosjekt for å undersøka meir om eventuell genetisk betinga kreft.

– Det vart på ein måte ei ekstra belastning, men Bettina overtalte meg der òg, fortel Wenche og ser varmt bort på dottera:

– Eg tenkte at det var betre at dei eventuelt fann noko no som kunne gi tidleg behandling, heller enn at det skulle enda med eit tilbakefall og at me skulle angra på at du ikkje var med på dette forskingsprosjektet, forklarar Bettina.

Konklusjonen vart altså at det var veldig lite sannsyn for at kreften var genetisk betinga, og dermed kunne Wenche hoppa over cellegift og gå rett på stråling.

– 19. august starta eg strålebehandling med 15 strålingar over tre veker. Eg grudde meg til å sitja åleine på sjukehotell, men det vart faktisk ei god oppleving der eg vart kjent med fleire andre som var til kreftbehandling, smiler Wenche.

Strålebehandlinga gav litt brannskadar og hormontablettane har nokre biverknader, men Wenche prisar seg lukkeleg for at ho reiste på mammografiundersøking. Det same gjer Bettina og vesle Henrik som har omkransa Wenche med varm støtte i sofaen medan ho har fortald krefthistoria si.

– Ta undersøkinga!

– Ta mammografiundersøkinga når du får tilbod om det, er både Wenche og Bettina si inderlege oppmoding til alle kvinner som er i målgruppa (50–69 år).

Wenche har alt overtalt nokre kjenningar om å ta turen:

– Eg møtte ei eg kjenner på butikken og me prata litt laust og fast, før eg fortalde at eg fekk påvist brystkreft i sommar. Då vart ho sett ut, fordi ho og søstera hadde eigentleg bestemt seg for å droppa undersøkinga. Men dei ombestemte seg, og då tenkte eg at, yes, der fekk eg dei til å sjekka seg.

I slutten av august kunne du lesa desse sakene om mammografi i Kvinnheringen: