William Hut og Subshine speler på Snikkeriet

William Hut er aktuell med ny musikk, og fredag kan du høyra han på Snikkeriet. (Pressefoto).
Artikkelen er over 1 år gammel
Fredag kveld speler William Hut og Subshine på Snikkeriet i Rosendal.
William Hut er ein kjent og kjær musikar for mange, kanskje mest kjent som frontmann og låtskrivar i Poor Rich Ones. Bandet gjorde fleire turnear i USA og Storbritannia. I desse dagar er William aktuell med den nye singelen «Up».
Subshine er soloprosjektet til Ole Gunnar Gundersen, tidlegare vokalist og låtskrivar i Lorraine. Subshine er for tida òg aktuell med den heilt ferske singelen «Florence».
No når begge desse artistane og kameratane er aktuelle med ny musikk, var det naturleg for dei å reisa på turné saman, i ei nedstrippa, akustisk drakt.
Kommentarer til denne saken