Ylvis-konsert på Årsnes

Ylvis skal halda konsert på Årsnes. Her frå Gullruten i 2014 (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix)

Ylvis skal halda konsert på Årsnes. Her frå Gullruten i 2014 (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix)

Ja, du leste rett. Når Norsafe skal opna det nye treningssenteret sitt på Årsnes slår dei på stortromma, og Ylvis held gratis opningskonsert.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

I ei pressemelding heiter det at Norsafe ønskjer å invitera til ein gratis folkefest under opninga av Norsafe Academys første offshore kurssenter på Årsnes 28. mai.

Ylvis, som ikkje treng nokon nærare omtale, spelte for 16000 elleville fans i Göteborg i påsken. No blir deira neste konsert på Årsnes.

– Vi ønskjer å feira med ein stor folkefest og er utruleg glade for å ha fått Ylvis til å toppa det heile med førestillinga «The Expensive Jacket Tour». At verdsstjernene kjem til Årsnes og Rosendal er i seg sjølv ein sensasjon, seier Aleksander Skaala i Norsafe.

Det kan nemnast at Ylvis sin mest kjende song «The Fox» har fem hundre millionar visingar på YouTube. Duoen opptredd i fleire av dei største TV-showa i USA, Europa og Asia

Tiebreaker frå Odda vil opptre som oppvarmingsband før Ylvis tar over scenen.

Glede

Vi er i dag den einaste livbåtleverandøren som per i dag kan tilby både produksjon, service og sertifiserande kursverksemd. Det er ein milepæl for oss å etablera Norsafe Academy Årsnes i Rosendal, med Nordsjøens høgaste stupetårn midt i hjarta av norsk olje- og gassverksemd, seier ein stolt Geir Skaala i pressemeldinga.