Over 2000 på Ylvis-show

Eitt av nummera i Ylvis-showet var ganske blodig, då veslebror Bård prøvde å ta livet av storebror Vegard Ylvisåker. Heldigvis var det berre skodespel. - Var det nokon ungar som besvimte? Nei, tenkte meg det. Det er dei vaksne som plar det! sa Bård spøkefullt.

Eitt av nummera i Ylvis-showet var ganske blodig, då veslebror Bård prøvde å ta livet av storebror Vegard Ylvisåker. Heldigvis var det berre skodespel. - Var det nokon ungar som besvimte? Nei, tenkte meg det. Det er dei vaksne som plar det! sa Bård spøkefullt.

Artikkelen er over 5 år gammel

Norsafe slo på stortromma då dei torsdag hadde opningsfest for nytt kurs- og treningssenter. Til saman var rundt 2500 med på feiringa i løpet av dagen.

DEL

På dagtid var det offisiell opning med inviterte gjester, før det seinare på kvelden var duka for stort gratis konsertshow med Ylvis i «Håkonshallen». Arrangøren meiner sjølv at rundt 2200 menneske var innom på kvelden, og alle desse fekk plass i hallen. Det var bra, for ute høljeregna det og var skikkeleg surt. Rundt 35–40 frivillige frå Rosendal Turnlag, Rosendal Musikklag og Kvinnherad Skyttarlag var vakter, og mange av dei stod ute i regnet.

Rockebandet Tiebreaker frå Odda fungerte fint som oppvarmingsband, og gjorde at publikum ikkje kjeda seg medan dei venta på hovudpersonane, humorbrørne Bård og Vegard Ylvisåker. Etter Tiebreaker fekk publikum sjå ein kort filmsnutt om historia til Norsafe, før nedteljinga på storskjermen begynte og Ylvis til slutt hoppa fram på scena i skinnjakker og solbriller. Ylvis hadde teke med seg showet sitt «The Expensive Jacket Tour», og serverte følgjande «setliste» med låtar: Pressure, Shabby Chic, Jeg heter Finn, Pie Jesu, Massachusetts, The Cabin, Ytterst på tissen, Stonehenge, Trucker’s Hitch, Jan Egeland. Ylvis gjekk av scena, men kom tilbake i revekostyme for å framføra The Fox.

– Helsa heim! avslutta Ylvis-brørne på kvinnheraddialekt, før dei hoppa inn i eit helikopter og reiste vidare. Resten av «crewet» deira tok buss og ferje mot Bergen.

– Vi er veldig godt nøgde, dette blei ein suksess. Det var synd med det sure vêret, for hadde det vore sol kunne vi nok plussa på 500 til 1000 publikummarar til. Men alt i alt har dette vore ei flott oppleving som har sveisa oss som jobbar i Norsafe enno betre saman, seier marknadssjef Arild Hansen.

Før folk forlét området fekk dei sjå eit flott fyrverkeri skote ut frå stupetårnet for livbåtar.

Sjekk bildeserie frå kvelden her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags