Trur Ylvis-konsert blir ein «snakkis»

Gratiskonsert: Ylvis kjem til Årsnes under Norsafe sin opningsfest for det nye treningssenteret som no er ferdig. (Pressefoto)

Gratiskonsert: Ylvis kjem til Årsnes under Norsafe sin opningsfest for det nye treningssenteret som no er ferdig. (Pressefoto)

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Aleksander E. Skaala i Norsafe trur Ylvis-konserten på Årsnes torsdag kveld blir ei storhending i Kvinnherad.

DEL

– Konserten er gratis og open for alle, og det er ikkje mange stader ein kan få samla to-tre tusen menneske på éin plass i Kvinnherad. At Ylvis kjem hit er stort, eg trur det kjem til å bli snakka om i lang tid, seier Skaala.

Konserten er ein opningsfest for Norsafe Academy sitt første offshore kurs- og treningssenter som no er ferdig, som Skaala er prosjektansvarleg for.

«Festivalområdet» opnar torsdag kveld. Der går publikum først gjennom ein port med vakter og tryggleikskontroll. Så blir ein leia gjennom ein passasje med stålverk gjennom industriområdet og ned til Håkonshallen der showet skal vera. Der blir det sal av mat og drikke, før rockebandet Tiebreaker frå Odda skal varma opp. Etterpå skal Ylvisbrørne Bård og Vegard Ylisåker visa showet sitt «The Expensive Jacket Tour».

– Vi har kapasitet til rundt 3.000 menneske. Ylvis skal stå på scene inne i hallen, og rundt halvparten av publikum får plass der, dei som er tidlegast ute. Resten står utanfor, men det blir stor skjerm og scena skal vera godt synleg for alle.

– Kor mykje har det kosta å booka Ylvis?

– Det vil eg ikkje ut med. Men det eg kan seia er at treningssenteret og den generelle utbygginga på Årsnes har vore så kaptialkrevjande over så lang tid at vi berre måtte avslutta prosjektet med eit skikkeleg «pang», seier Skaala.

Det blir alkoholservering på området. Konserten har 15 års aldersgrense, men ein verje over 23 kan ha med seg to som er under 15 år. Det blir mogleg å parkera bilar på den store grusplassen ved sida av ferjekaien, der det står parkeringsvakter. Ein kan også ta buss fekk frå festivalområdet, som går til Odda og til Husnes.

– Eg gler meg veldig, det blir «dødsbra». Sidan dette er eit gratis arrangement håpar vi så mange som mogleg kjem!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags