Silje D. Eide er nordmøring, men har budd på Halsnøy i 11 år no. Ho flytta hit fordi ho fekk jobb på Sunnhordland Folkehøgskule som dansepedagog. Eide starta opp med yogaundervisning for vaksne etter at ho tok utdanning som instruktør hausten 2015. I starten var dette lagt inn i stillinga hennar på folkehøgskulen, men i januar i år starta ho eige firma.

 

– No står eg litt friare, og underviser både barn og vaksne, og har også tatt oppdrag i å undervisa på workshops fleire andre stader, blant anna for Etne Turnlag og i Averøy kommune som eg opprinneleg kjem frå. Sidan eg er utdanna dansepedagog, har eg undervist i ein mix av dans og yoga for barn frå 1.–7. klasse. Mange av dei vaksne har følgd meg sidan oppstarten, og nokre nye har kome til undervegs, fortel Eide.

Dei ordinære klassene ho har hatt gåande denne hausten var ferdige no i slutten av november, men på grunn av etterspurnad har ho sett opp ekstra klassar i desember.

– Eg ønskjer å gi dei som treng eit pusterom ein mulighet til å komma og gjera nettopp dét – pusta og senka skuldrene.

13. desember blir det Lucia-yoga med Eide. Det blir ein yogatime, med miks av både asanas (yogastillingar) og avspenning, ho vil bruka essensielle oljer og musikk gjennom heile timen. 19. desember blir det «StressNed»-yoga, der det vil bli spesielt lagt vekt på pusten, på å gi seg sjølv rom til å kjenna etter, og å kunna la seg sjølv kjenna på kjensla av å gi slepp på spenningar i kroppen ved hjelp av pusten. Begg timane passar for alle, men du må melda deg på, og nedre aldersgrense er 14 år.

I april kjem Henriette Lien (kjent frå blant anna Hotel Cæsar og Morgenklubben på Radio Norge) for å ha yoga-workshops. Det er lagt opp til to fulle kveldar med både litt styrketrening og meir rolege tema.

– Eg synest alle som driv med, eller som er interessert eller nysgjerrig på yoga, bør melde seg på dette. Du må ikkje ha forkunnskapar, og Henriette Lien er ein kunnskapsrik, erfaren, varm og inkluderande lærar som er ettertrakta i heile landet. Det var lang venteliste for å få ho hit, så her må ein berre nytta sjansen, seier Eide.

Påmelding til workshop med Henriette Lien må skje innan 1. januar.