Gå til sidens hovedinnhold

Yrande folkeliv: Tilbakeblikk frå Husnesdagane og Torgdagane

Etter eit pauseår i 2020 på grunn av korona-pandemien er det igjen klart for Torgdagar på Husnes til helga, om smittesituasjonen held seg stabil. Tidlegare har namna Husnesdagane og Torgdagane blitt brukt litt om ein annan, men i ei årrekkje har det uansett vore tradisjon for vore liv og røre i Husnes sentrum med salsbuer, ulike aktivitetar og musikk ved inngangen til sommaren. Her får du eit lite tilbakeblikk frå dei siste åra.