Her fekk ungdommane tips og inspirasjon til kva dei kan bli

Det aula i Husneshallen onsdag føremiddag. Her treff ungdommane ulike skular, bedrifter, lag og organisasjonar.

Det aula i Husneshallen onsdag føremiddag. Her treff ungdommane ulike skular, bedrifter, lag og organisasjonar.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Onsdag var ungdom frå heile kommunen inviterte til yrkesmessa i Husneshallen. Utstillarar frå mange ulike bedrifter og studiestadar hadde stilt seg opp med stands, og lokka med ulike stunt og reklamemateriell for å få ungdom til å stoppa opp ved nettopp dei. Av desse var Kvinnherad Energi, som lét ungdomane prøva seg på å klatra opp ein straumstolpe.

– Vi vil gi ungdomane ein liten smak på kvardagen til ein energimontør. Dette er eit spennande yrke, og så er det òg ein god del som startar yrkeskarrieren som energimontør, og seinare vidareutdannar seg til å bli ingeniørar, fortalde marknadssjef Kenneth Ingvaldsen.

Han sa at det var fleire jenter enn gutar som tok utfordringa med å klatra opp i stolpen i Husneshallen, og håpte kanskje det kunne tyda på at dette er eit yrke også nettopp jenter vil vurdera i større grad. Ei av dei som klatra opp stolpen, var Aurora Aasgard, som går i 10. klasse ved Husnes ungdomsskule.

– Eg synest det var kjempegøy å klatra i stolpen. Skummelt var det ikkje, meinte ho.

– Blei du freista til å vurdera denne jobben?

– Kanskje litt, for det verkar kjekt. Men eg har i grunnen mest lyst til å bli lege, fortalde ho.

I andre enden av hallen trefte vi Oliver Hebnes frå Rosendal, som går 2. året ved elektrofag på KVV. Han viste fram ein sorteringsmaskin for å promotera faget sitt.

– Har du laga den sjølv?

– Eg har programmert den, samt kopla litt, fortalde Hebnes.

– Trivst du på elektrofag?

– Ja, det er veldig kjekt, meinte han.

Oliver Hebnes viste fram ein sorteringsmaskin han sjølv hadde kopla og programmert for å promotera elektrofag. Jakob Taranger og Mats Løland Eik, begge elevar ved studiespesialiserande, var av dei som var bortom og kikka på den.

Randa Jajan i 10. klasse ved Husnes ungdomsskule prøvde seg på hjarte- og lungeredning på ei dokke, godt rettleia av ambulansesjåfør Mathias Sørensen.

– Denne dukka svarar til storleiken og tyngda til ein vaksen mann. Synest du det var tungt å ta hjartekompresjonar på han? undra Sørensen.

– Ja, det var litt tungt, vedgjekk Randa, som likevel meinte ambulansefaget verka svært spennande.

Randa Jajan fekk testa hjarte- og lungeredning på ei dokke, rettleia av ambulansesjåfør Mathias Sørensen.

Randa Jajan fekk testa hjarte- og lungeredning på ei dokke, rettleia av ambulansesjåfør Mathias Sørensen.

Artikkeltags